– Kor skal du flytte frå og til.
– Kor tid skal du flytte, dato ?
– Er det lett å komme til med lastebil utanfor begge adresser?
Trapper, heis eller er det lett å komme til?
– Kor mykje har du? Kor mange kvadratmeter er bustaden din?
Kor mange soverom har du?
– Har du hjelp til å bære, eller skal vi ordne det?
– Noko som treng spesiell omtanke ? For eksempel Piano?
Hugs at vanlege hus- og innbuforsikringar ikkje dekkar skade under transport, og du bør difor teikne ei eiga forsikring for flyttinga.
Vi kan ordne dette for deg, spør oss om dette dersom du vil ha hjelp.
Tips til korleis flyttinga kan bli enklare:
Nesten 600 000 personar flyttar kvart år. To tredje-deler av desse flyttar innanfor same kommune. Dei aller fleste nyttar sommaren til å flytte. Talet på adresseendringar registrert hos posten er aller størst i august. Med andre ord, kan du flytte utanom desse tidspunkta, så gjer det.
Før du skal flytte:
Hent inn prisar frå flyttebyrå. Kva er inkludert i prisen du har fått?
Dersom du kan samle venner til dugnad på inn- og utbæring av bil, vil det vere pengar å spare.
Bestill flytting av telefon, straum, aviser og andre abonnement du skal ha med deg.
Send flyttemelding til folkeregisteret og posten. Leiger du bustad så hugs å seie opp i tide, slik at du slepp betale for eit tomt hus.
– Plass til å parkere flyttebilen.
– Nøklar til bustad og boder det skal flyttast frå og til.
– Merke alle ting som ikkje skal flyttast. Bruk gjerne små lapper eller A4 ark, bruk teip å feste
– Flytt inn hos venner ein dag eller to, og nyt kor enkelt og smertefritt det er å flytte.
Hugs at du har MYKJE meir ting enn du trur, og det kjem til å ta lenger tid enn du trur.
Vi som flyttebyrå kan bidra med pakkehjelp i nokre høver, ta dette opp i din førespurnad så undersøker vi moglegheit og kapasitet.
Oppstart pakking i kartongar.
Start med å få tak i emballasje til å pakke i. Dette kan du kjøpe hos flyttebyrået, eller få gratis i nokre butikkar. Pass på at kartongane er solide og kan lukkast. Dei må heller ikkje vere for store.
Du treng også tape til å lukke kassane og ein kraftig tusj til å merke eskene. Dette virkar ikkje særleg viktig når du startar med pakkinga, men eg skal love deg at første morgon i ny leilegheit, og du ikkje anar kor kaffitraktaren er, så kjem du til å skjønne verdien av tydeleg merking av alle esker.
Pakkeråd:
Kartongane må fyllast heilt opp. Dette er for å unngå at dei sig saman under transporten og skadar innhaldet. Fyll tomrom med papir, handklede og klede. Ikkje pakk meir enn maks 30 kg pr. eske
(Ein hyllemeter bøker er omtrent 30 kg).
Start pakkinga i god tid. Pakk ned ting du ikkje treng: Vinter / sommarklede, bøker og pynteting. Når flyttinga nærmar seg, ta for deg rom for rom. Klede pakkar du i bossekker. Klede som skal henge: Klipp eit hol i botn av sekken og tre kleshengaren gjennom. Tape igjen oppe og nede.
Dei tyngste tinga skal alltid vere nederst i kartongen.
Pakk tallerkener og liknande inn i papir og set dei på høgkant i eska. Store fat bør pakkast for seg. Set dei gjerne inntil kanten av kartongen, og pass på at dei ikkje blir ståande i spenn.
Legg koppar, glas og liknande på toppen av kartongane. Fyll opp med handklede, dukar og slikt, slik at kartongen blir heilt full.
Har du fått med det som sto i oppvaskmaskina? Er alle skap tomme? Er alle kartongane heilt fulle? Er alle kartongar skikkeleg merka?
Det er ikkje nok å skrive kjøkken. Når du står der med 17 kartongar merka ”kjøkken”, kjem du ikkje til å hugse kor brødkniven er. Skriv utfyllande kva du har i eska.
Bruk små plastposar til å samle skruer og anna som høyrer til demonterte ting. Dersom du også legg oppi umbraconøkkelen som høyrer til, blir det mindre leiting når ting skal skruast saman igjen.
Sjekk at vaskemaskiner og oppvaskmaskiner er tømde for vatn og har fått transportskruane på plass. Dersom du har originalemballasjen til TV, datamaskiner og liknande, er det ein fordel å bruke den.
Ømfintlege ting: Merk alle esker som inneheld særleg ømfintlege ting. Flyttebilen har med seg tepper for å hindre at møblane får riper, så det treng du ikkje tenke på.
Vi som flyttebyrå kan bidra med vaskehjelp i nokre høver, ta dette opp i din førespurnad så undersøker vi moglegheit og kapasitet.
Reingjeringa blir enklare hvis huset er tomt, så vent med dette til alt er flytta. Dersom du skal gjere dette sjølv, få tak i venner og familie som kan hjelpe til.
Vurder å ha ein henger med litt størrelse på plass for kaste boss løpande, eller lag deg eit lite lokalt deponi / plassering så bosset er ute av vegen når flyttebilen kjem
Flyttebyrået kan på førespurnad hjelpe til å fjerne boss og kjøre dette til godkjent deponi.
Til bedrifter, lag og organisasjoner løyser vi kildesortering og avhending av avfall etter miljøplan og avtale i både små og større omfang.