• TRANSPORT• FLYTTETENESTER • TERMINAL & DISTRIBUSJON
Treng du hjelp med transport, terminalteneste, flytting eller oppbevaring?
Med hovudsete i Førde i Sunnfjord ligg vi strategisk plassert mellom Bergen og Ålesund. Spør oss gjerne om eit uforpliktande tilbod på ditt oppdrag!
LANG ERFARING MED
TRANSPORTOPPDRAG
Vi tilbyr transport i Sogn og Fjordane. Ingen oppdrag for store og ingen for små. Vi har daglege ruter til faste områder. Sjå gjerne vårt dekningskart for meir informasjon.
TRYGT OG RASKT LEVERT MED
BUDBIL EKSPRESS
Har du noko som hastar? Vi har bilar som står klar til å køyre varene dine dit du vil! Alt frå eit lite brev og til større partier. Treng du større volum er du velkommen til å kontakte oss med din forespørsel.
EFFEKTIVE OG TRYGGE
FLYTTETENESTER
Skal du flytte? For å kunne gje deg ein korrekt pris, treng vi litt informasjon om oppdraget. Fyll ut skjema og send oss ein forespørsel. Sjå også vår huskeliste for flytting.
SPØR OSS GJERNE OM
LAGER & OPPBEVARING
Mellomlagring eller langtidslagring?
Vi kan hjelpe deg med dette!
På vårt lager på Hornnes kan vi tilby lagring i 8 m3 (2 x 2 x 2 m) trecontainarar i tørre og tempererte lokaler.
Kven er vi ?
Hoff & Knutson Transport vart etablert i 1991, då i tett samarbeid med Tollpost Globe i Førde. Frå oppstarten hadde vi ein lastebil og ein varebil som tilbydde våre tenester til kundar rundt om i fylket. Vi køyrde stykkgods i vekene og flytting i helgane.
Sidan den gang har vi vokse til å bli ein av dei leiande aktørane i fylket, og flytta i 2006 inn i nytt, og eige bygg på Hornnes i Førde. Selskapet disponerer rundt 35 bilar, alt frå små elbilar til store vogntog som går i trafikk for ulike aktørar i og utanfor fylket.
Vi løyser transportoppdrag, flytting, terminaltjenester og lagring for både bedrift og privatmarkedet.
Våre medarbeidarar løyser alle dei varierte og spennande oppdraga vi har for kundar som Posten Norge og Bring, Postnord, Bakehuset, Norsk Gjenvinning, Helse Førde og Brødrene Dahl for å nemne nokon.
Vi har sjølvsagt utvikla oss gjennom vår levetid, men fokuset vårt har heile tida vore at både kundar og tilsette skal bli ivaretekne på ein god og profesjonell måte.
I løpet av ei veke er vi innom dei aller fleste stadane i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Vi har også faste avgangar til Oslo-området. Flyttebilane i vår bilpark kan på sine oppdrag køyre dit du vil, både i Noreg og i Skandinavia.
Kontakt oss for ein hyggeleg prat eller om du har andre spørsmål om oss.