OM SELSKAPET

HOFF & KNUTSONTRANSPORT AS

Hoff & Knutson Transport er eit transportselskap med lange tradisjonar og sterke verdiar.

Kven er vi ?

Hoff & Knutson Transport vart etablert i 1991, då i tett samarbeid med Tollpost Globe i Førde. Frå oppstarten hadde vi ein lastebil og ein varebil som tilbydde våre tenester til kundar rundt om i fylket. Vi køyrde stykkgods i vekene og flytting i helgane.

Sidan den gang har vi vokse til å bli ein av dei leiande aktørane i fylket, og flytta i 2006 inn i nytt, og eige bygg på Hornnes i Førde. Selskapet disponerer rundt 35 bilar, alt frå små elbilar til store vogntog som går i trafikk for ulike aktørar i og utanfor fylket.

Vi løyser transportoppdrag, flytting, terminaltjenester og lagring for både bedrift og
privatmarkedet.

Våre medarbeidarar løyser alle dei varierte og spennande oppdraga vi har for kundar som Posten Norge og Bring, Postnord, Bakehuset, Norsk Gjenvinning, Helse Førde og Brødrene Dahl for å nemne nokon.

Vi har sjølvsagt utvikla oss gjennom vår levetid, men fokuset vårt har heile tida vore at både kundar og tilsette skal bli ivaretekne på ein god og profesjonell måte.
I løpet av ei veke er vi innom dei aller fleste stadane i Sunnfjord, Sogn og Nordfjord. Vi har også faste avgangar til Oslo-området. Flyttebilane i vår bilpark kan på sine oppdrag køyre dit du vil, både i Noreg og i Skandinavia.

Kontakt oss for ein hyggeleg prat eller om du har andre spørsmål om oss.